Lokalnytt

Heilag-Olav i Peer Gynt Galleriet

Kunstnaren har fått fram eit intenst og søkjande i blikk på St. Olav.
Kunstnaren har fått fram eit intenst og søkjande i blikk på St. Olav.

Kunstnaren Oddvin Parr har sett fram eit nytt meisterverk. I Peer Gynt Galleriet på Hellesylt står St. Olav i heil figur, klar til strid på Stiklestad.


Fredrik Stadheim – 04.06.2009 09:16:04

Det er fyrste gong Parr lagar ein frittståande heilfigur i tre. Arbeidet var interessant og truleg ikkje det siste, seier Parr. At denne vart til har si spesielle historie.
Ein kjenning av Parr kjøpte seg eit militært skilderhus som han hadde plassert ved inngansporten til eigedomen sin. Dei to var samde om at der skulle det ha vore ein vaktmann, og dermed vart ideen fødd om å skjere ein i tre.

Motivet for Parr vart Heilag-Olav, kongen som kjempa for kristning av Norge. Med sverd i beltet og øksa i handa og speidande etter fienden, er han klar til strid på Stiklestad. Blikket er intenst og søkjande. Kunstnaren har gjort det levande, kongen ser på deg kvar ein står i rommet.

Parr valde St. Olav som den fyrste heilfigur han laga.
Parr valde St. Olav som den fyrste heilfigur han laga.

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info