Lokalnytt

Nausane, ei perle i lauvskog

Nausane, ei grøn lunge i skogen.
Nausane, ei grøn lunge i skogen.

Rett ovanfor industriområdet på Hellesylt ligg Nausane. Eit lite frodig område vel 200 meter oppe i lia.


Fredrik Stadheim – 14.06.2009 20:34:21

Her er ikkje trimpost og det er bratt opp til Nausane så det er få som går tur dit. Ein gong var her sommarsæter, og der har stått ei lita sæterbu. No er berre litt av grunnmuren synleg.

Råsa til Nausane startar like innafor Lebakken og går rett mote bakkar. Den er godt merka med raude v-ar og prikkar.
Diverre skjermer lauvskog utsikta over eit storfelt landskap av fjord og fjell.

Berre litt av murane er synlege etter ei lita sæterbu.
Berre litt av murane er synlege etter ei lita sæterbu.
Storfelt utsikt, også til Sunnylvsfjorden.
Storfelt utsikt, også til Sunnylvsfjorden.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info