Nedre Reset ryddar trivselsplass
I mai delte styringsgruppa for bygdemobilisering ut fem tilskot på 10.000 kroner kvar til trivselsfremjande tiltak. Leikeplassen på Nedre Reset var eitt av prosjekta, og her er arbeidet i gong.
Fredrik Stadheim – 22.06.2009 08:35:20
Foto: Lars O. Fivelstad.
Etter at leikeplassen på Nedre Reset var mykje i bruk på 70-talet, har naturen sjølv fått styrt området dei siste åra. No har ei gruppe bebuarar sett seg føre å stelle til ein triveleg plass igjen, både for born og unge.
I arbeidsgruppa for nye Leikeplassen på Nedre Reset er Solgunn Nybø, Arild Hole, Rita Rydning og Åge Gjørvad.
Sist veke starta arbeidet med skogrydding.
Det var ein flink arbeidsgjeng som møtte og vi fekk gjort mykje, seier Solgunn Nybø. Flata som ligg midt i byggefeltet er kommunal eigedom og om lag 300 kvadratmeter.
Solgunn Nybø trur det skal bli ein fin leikeplass med fotballmål, sandkasse, leikestativ, ei hesteskobane, benkar og grillplass. 12 – 15 ivrige møtte på den fyrste dugnaden og fekk gjort mykje. Det vart både vinterved og greiner til jonsokbål etter den fyrste store ryddeoperasjonen. Ho håpar at kommunen vil hjelpe med litt gravearbeid for å rydde vekk trestuppar og liknande.
Tiltaket vil også koste ein del og meir enn tilskotet dei mottok frå bygdemobilisering. I tillegg til at det må bevilgast frå private lommebøker håpar Solgunn Nybø at også lag og organisasjonar vil hjelpe med finansieringa.