Lokalnytt

Snart filmopptak i Kopen

På toppen av Helsetkopen
På toppen av Helsetkopen

Det nærmar seg filmopptak med basehopp i Helsetkopen. Kanskje torsdag eller fredag, men om veret blir vanskeleg blir det ikkje før neste veke, seier Tom Erik Heimen.

Fredrik Stadheim – 16.06.2009 20:32:27

Tom Erik Heimen er basehoppar, busett på Molde og kontaktmann for det amerikanske TV-selskapet CBS.

I dag tysdag starta dei med opptak i Romsdal der det meste av filmen skal lagast. Også mykje frå Helsetkopen skal visast på amerikansk TV. Det er desse to plassane det skal filmast frå.

Om dei startar opp på Hellesylt denne eller neste veke er avhengig av veret.
Helsetkopen er flott og luftig, seier Heimen som kjenner det vel 1200 meter høge fjellet frå tidlegare. Også turen opp til toppen er ei naturoppleving, seier han.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info