LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2009

Sommardagar på Hellesylt 2009.

Fylkesmann Ottar Befring, i midten, opna Sommardagar på Hellesylt 2009. Her saman med Inge Hole t.v. og fylkespolitikar Jon Åsen (Ap).
Fylkesmann Ottar Befring, i midten, opna Sommardagar på Hellesylt 2009. Her saman med Inge Hole t.v. og fylkespolitikar Jon Åsen (Ap).

Sommardagar på Hellesylt 2009 var arrangert 10. til 12. juli og vart som vanleg ein stor folkefest. Servering, konkurransar og underhaldning med kjende og lokale artistar skapte god stemning. Også NM i fjellflyging frå Helsetkopen vart ein publikumssuksessar.

Fylkesmann Ottar Befring stod for den offisielle opning av Sommardagane frå utescena laurdag. I talen gratulerte han bygda med Utviklingsprisen som Møre og Romsdal fylke delte ut for fyrste gong, og rosa dei mange tiltaka som var sett i verk for å få til vekst og framgang.

Kyrkjekonsert
Som vanleg starta dei mange underhaldningstilboda til publikum kvelden før med konsert i Sunnylven kyrkje. Artisten Hanne Krogh og lokale songarar samla stuvande full kyrkje. Nær 400 billettar vart selde til konserten som også var del av dei mange arrangementa i høve 150- års jubileet for Sunnylven kyrkje i 2009.

Folkelivet
I sentrumsgatene på Hellesylt vart det folksamt både laurdag og søndag. Her kunne ein handle gode bruksting på Sunnylven sanitetslag sin loppemarknad ved kyrkjelydshuset, eller prøve vinnarlukka i skulekorpset sin tombola ein annan stad i gata. Butikkane baud på gode tilbod på varer slik mange andre tilbydarar gjorde i det store handelshuset, Sunnylven samfunnshus.
I same bygg hadde som vanleg bygdekvinnelaget velsmakande rømmegraut å by på, skyttarlaget serverte hjortegryte, og fotballgruppa selde grillmat ved inngangen.

Utescena
Jan Ove Tryggestad leia programmet frå utescena både laurdag og søndag. Lokale artistar hadde song og musikkinnslag, og i tillegg var det intervju og overrekingar av prisar og gåver.
Unge Maria Langeland frå Hellesylt sjarmerte eit stort publikum med livat song.
Av prisar som vart utdelt tek vi med at Ole Aasen, Hellesylt fekk Stranda kommune sin Frivillighetspris for 2009.
Gnist-stipend frå Sparebanken Møre gjekk til designer Synnøve Ringdal, Hellesylt og Hoppid-prisar vart tildelt Karoline Aaland, Hellesylt for forslaget til ”Hellesyltbenken”, og Sigmund Flydal, Geiranger for sitt forslag til transportabel jaktbu.

Konkurransar
Arnfinn Tryggestad kjøpte vinnaranda i ”Det store andesleppet” i Hellesyltfossen dette året, og Hellesyltløpet hadde rekorddeltaking. 90 løparar stilte til start der Kristian Nedregård, Tyrving vann menn senior på 22.35, og Synne Korsbrekke, Rustad kvinner senior, 28.29.
Fyrste norgesmeister i fjellflyging vart også kåra under Hellesyltdagane. Det1246 meter høge fjellet Helsetkopen var arena. Norgesmeister var Frode Johannessen, Voss.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380