LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2010

World Cup i basehopping under Sommardagane på Hellesylt

Frå NM i Helsetkopen 2009. (Foto: Ivar Brenhovd)
Frå NM i Helsetkopen 2009. (Foto: Ivar Brenhovd)

Også i år kjem dristige fjellflygarar til Helsetkopen for luftige svev. Frå 9. til 12. juli er venta kring 30 hopparar i aksjon.


Publisert 30/11/2009 av Eva Kristin Langlo
I fjor sommar var det eit vellykka NM i Base hopping her på Hellesylt, og
under Sommardagane 2010 skal det for første gong arrangerast World Cup i Base hopping frå den 1246 høge Helsetkopen.
Det kjem fjellflygarar til Hellesylt frå mange stadar i verda denne helga. Deltakarar frå mellom anna Australia, New Zealand og USA kjem for å teste norske fjell.

World Cup på Hellesylt er eit av tre store arrangement som World Base Race arrangerer i Norge. Det første er NM på Voss under Ekstremsportveko som tek til 29.juni. Deretter vert det World Cup her på Hellesylt frå 9. til 12. juli. før dei avsluttar med Norsk Fjellfestival i Innfjorden frå 13. til 17. juli.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380