Lokalnytt

Arbeidet med ny brannstasjon i gong

Volda Maskin er snart ferdig med utsprenging av tomt til den nye brannstasjonen.
Volda Maskin er snart ferdig med utsprenging av tomt til den nye brannstasjonen.

Like over nyttår starta arbeidet med utsprenging av tomt for den nye brannstasjonen på Hellesylt. Går alt etter planen står den innflytningsklar i Ringdalsåsane til sommaren.

Hovudetasjen i den nye brannstasjonen blir på 160 kvadratmeter. I tillegg skal det byggast ein underetasje på 40 kvadratmeter, fortel brannmester i Stranda, Inge Teigen. Der skal det innreiast toalett og garderober som også besøkande i Hellesylt Bygdetun kan nytte.

Volda Maskin står for arbeidet med utsprenging og vekktransport av masse frå tomta som ligg like ved Sunnylven Barnehage. Arbeidet blir ferdig i løpet av denne veka.
Firma Betongpartner, Måndalen skal utføre byggearbeidet der grunnmur og underetasje blir i betong, resten blir bygd av betongelement.

Nye brannbilar
Arbeidet vil gå fort, så til sommaren er den nye stasjonen innflytningsklar, trur brennmester Teigen. Då er også nye brannbilar på plass på Hellesylt, ikkje berre ein, men to.
Det er kjøpt ein brukt tankbil i Førde som skal byggast om til brannbil, og i tillegg blir det kjøpt inn ein ny mannskapsbil. Teigen fortel at Vegvesenet har gjeve tilskot til kjøpa grunna brannberedskap i tunnelane på Ljøvegen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380