Lokalnytt

Kaldt i Sunnylven

Kvikksølvet har krype lavt på målarar over heile landet, også i Sunnylven det siste døgnet. Ved Tronstad vart det målt 30.0 grader.


Geir Perry Støverstein bur i Strand ved Tronstad. Om morgonen onsdag 6. januar kunne han lese av 29.9 kalde minusgrader på ein digital målar, og 30.0 både på ein vanleg målar på husveggen og i bilen.
Det var kaldt vedgår Støverstein som lasta opp bilen ved Ekornes på Grodås då vi kontakta han. Då hadde det skya til fortalde han og gradestokken viste minus 12.0 kl. 10.00.

Også på Hellesylt var temperaturen ned til minus 17.0 om morgonen, og på Storstein i Sunnylvsbygda registrerte Jan Erik Øksvang 20.1 kl. 05.00 på sin digitale målar.
Frykteleg kaldt tykte han, men klaga ikkje.
-Vi pensjonistar har det godt, slepp å reise på jobb og grue for startvanskar med bilen. Det er berre å fyre i ovnen og kose oss inne til kulden gir seg.-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380