Lokalnytt

Øvingshelg for skulekorps

-

Komande laurdag og søndag er det øvingshelg for skulekorpsa på Stranda og i Sunnylven. Samlingsstad er Sunnylven samfunnshus der korpsa avrundar helga med minikonser på søndag.


Rundt 30 musikarar frå Stranda og Sunnylven blir samla på Hellesylt denne øvingshelga, fortel dirigent Trond Otto Berg. Der skal det øvast på innslaget som korpsa skal ha under Nordvest-meisterskapen for skulekorps fyrste helga i mars. Konkurransen går av stabelen i det nye operahuset på Nordfjordeid. Programmet som korpsa skal framføre blir på om lag 20 minutt, fortel Berg.

På Hellesylt blir også Andreas Torheim med som instruktør og i tillegg ein som skal rettleie på trommer og slagverk.
Også dei av aspirantane som har høve er invitert til å delta på øvingshelga. Wenche Høgalmen Ringdal vil vere instruktør.

Øvingane startar laurdag kl. 11.30 og held fram til kl. 15.00. Søndag er tidspunkta kl. 13.00 til 17.00. Begge dagar syter vertskapet, styret i Sunnylven skulekorps for servering av frukt, drikke og middag til alle som deltek.
Øvingshelga vert avslutta med minikonsert på Sunnylven samfunnshus søndag kl. 16.00 der korpsa sitt program til Nordvest-meisterskapen blir presentert.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380