Lokalnytt

Årsmøte i Sunnylven sanitetslag

Frå loppemarknaden under Sommardagane 2009.
Frå loppemarknaden under Sommardagane 2009.

Sunnylven sanitetslag har halde årsmøte på kyrkjelydshuset. Laget har 56 betalande medlemmer, 15 møtte på årsmøtet. Sunnylven sanitetslag har hatt kollektiv leiing, og det held fram også komande år.

Fredrik Stadheim – 17.02.2010 10:29:39

Årsmelding og rekneskap vart lagt fram og godkjent, og alle val i styre og nemnder kom på plass.
2009 var eit aktivt år i laget og alle faste arrangement vart gjennomført, går det fram av årsmeldinga.
Året starta med pensjonistfest, før det i februar var binding og sal av fastelavnsris. Påskefrokost i barnehagen, minibutikk på Sunnylven omsorgssenter, laurdagskafe på samfunnshuset, kaffistund og adventssamling på omsorgssenteret var andre tiltak som vart gjennomført.

Av dei større tilskipingane var den årvisse basaren som gav rundt 30.000 kroner i brutto, og loppemarknaden under Sommardagane. Eit godt resultat også for fjoråret ”bruktbutikk” der utvalet av lopper var stort. Ein del av det som ikkje vart selt vart sett på lager til komande år, og noko vart gjeve som hjelpesending til Ukaina.
Eit jamt godt arbeidsår, heiter det i årsmeldinga der styret takkar alle som har hjelpt og støtta opp om aktiviteten.

Val.
Hovedstyret:
Ruth Nygaard Frøysa,
Kari Hauso Stadheim,
Elise Rørhuus-Øye,
Solbjørg Alme,
Ruth Hole Aaland (ny).

Varamedlemmer:
Ester Kjellstadli Langleite
Anne Marie Ljøen
Ingebjørg Fivelstad

Valnemnd:
Ingebjørg Fivelstad
Anne Marie Ljøen
Ruth Tronstad

Revisor:
Arnfinn Tryggestad.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380