LokalnyttLokalsport

Det meste uklart i 5. divisjon.

I 2008 vedtok kretstinget i Sunnmøre Fotballkrets at 5. divisjon skulle bestå av tre avdelingar der vinnarane rykte opp til 4. divisjon. No har ordninga ført til sterke reaksjonar framfor årets sesong

Fredrik Stadheim – 15.02.2010 09:09:46

Alt i fjor skapte nyordninga med nedlegging av 6. divisjon og tre avdelingar i 5. divisjon misnøye mellom fleire klubbar. Framfor årets sesong har reaksjonane vore enno sterkare. Det har ført til at styret i SFK har vedteke å kalle inn til ekstraordinært kretsting 1. mars for å drøfte om ordninga skal bestå eller få oppretta to avdelingar i staden.

Urettvis kritikk
Det som er klart til no er at 23 lag har meldt seg på til årets serie i 5. divisjon. Sunnylven sitt senior A-lag er eitt av dei. Det er for få lag til å dele inn i tre avdelingar hevdar fleire klubbar.
At også alle dei antatt beste laga var plassert i same avdeling av SFK skapte ein del misnøye.
Det meinar leiar i Sunnylven Fotball, Steinar Hjelle at fotballkretsen får urettvis kritikk for.
-Kretsen har gjort heilt rett ut frå det som var ønskje frå klubbane, at reisene til kampar skulle bli kortast mogleg. Sunnylven og Hovdebygda som begge rykte ned frå 4. divisjon, kom i same avdeling, men om dei blir av dei beste laga veit ein ikkje før det blir spela kampar-, seier han.

Mange kampar
Steinar Hjelle møter på Rica Parken Hotell i Ålesund på det ekstraordinære kretstinget 1. mars og der går Sunnylven inn for to avdelingar.
-Med tre avdelingar blir det få lag og få kampar, vi vil ha flest moglege, det er det vi trenar for fire gonger i veka. Også publikum håper på mange gode fotballoppgjør. Kva lag som kjem saman i avdelingane må bli opp til kretsen å avgjere.
Ein ting er i alle høve sikkert, førebuingane til årets sesong for laga i 5. divisjon blir forsinka av alt styret som har vore, og det er uheldig, seier Steinar Hjelle.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380