Lokalnytt

Medaljedryss på gevirutstilling

Tore Rusten t.v., Dag Andre Hauge, Alf Ole Sundgot og Kurt Erik Sundgot var arrangørar av utstillinga.
Tore Rusten t.v., Dag Andre Hauge, Alf Ole Sundgot og Kurt Erik Sundgot var arrangørar av utstillinga.

Det blir eit imponerande syn når kruna på fleire ”kongar” i Vestlands-skogen kjem på utstilling. På Sunnylvsbygda grendahus hadde jægerar samla av dei flottaste trofea sine frå hjortejakt til døming.


Fredrik Stadheim – 22.02.2010 11:29:17

Heile 32 eksemplar frå kronhjortar skotne i Sunnylven var med i konkurransen om gull, sølv og bronse.
Det var fire ivrige hjortejægerar som stod bak tiltaket med utstilling og der dei hadde fått på plass autorisert domar til bedømminga.
Tore Rusten var med som arrangør. Han hadde eit par flotte gevir han gjerne ville ha bedømt, og etter kvart viste det seg at det var fleire rundt om i bygd og dal som også fann fram gamle jakttrofe.
-Då kom tanken om ei lokal utstilling opp. Øyvind Tjervåg frå Ulsteinvik er ein av tjuge autoriserte gevirdomarar i landet, og han kom gjerne om det var snakk om minst 8-10 gevir. Det vart 32 eksemplar til slutt, så dagen vart lang for Tjervåg og assistent Børre Bentsen-, fortel Tore Rusten.

Mange flotte gevir
Medaljefangsten frå døminga vart også god. To gevir fekk gullmedalje, 17 var gode nok til sølv og 12 fekk bronsemedalje.
Eit topp gevir skal vere kraftig, grovt, og ha lange stenger, fortalde Øyvind Tjervåg. Han har sett og bedømt mange hjortegevir, mellom anna under Aktiv Fritid si årlege utstilling i Sunnmørshallen i Ålesund. I snitt får 5 av 100 gullmedalje. På utstillinga i Sunnylvsbygda grendahus var gullstandarden enno høgare, kunne han slå fast med to gull mellom 32 eksemplar.
Eigarar av dei to gullgevira laurdag var Åge Jostein Tryggestad og Tore Rusten.
Åge Jostein Tryggestad skaut kronhjorten på ca.120 kg. slaktevekt på Lundaneset, Tore Rusten sikra seg sitt jakttrofe på Hauge, like ved grendahuset. Kanskje hadde hjorten sett sin staslege haudepryd avspegla i dei store vindauga på grendahuset. Laurdag var det del av utstillinga inne.

Kronhjorten kom
-Det var 3. oktober tidleg ein morgon, eg visste at han brukte å kome ned for å beite så eg venta på han. Eit velretta skot var det som skulle til og kronhjorten med ”gullgeviret” ramla i koll-, kunne Tore fortelje. Slaktevekta var 125 kg.
Til liks med dei andre bak initiativet var han godt nøgd med gjennomføringa. No må det vel gå nokre år før neste utstilling. Vi må ut og jakte på nye eksemplar fyrst, slår Tore Rusten fast. Det gledar dei seg til.

Tore Rusten med geviret som fekk gullmedalje.
Tore Rusten med geviret som fekk gullmedalje.
Eit jaktrofe til Alf Ole Sundgot
Eit jaktrofe til Alf Ole Sundgot
Kurt Erik Sundgot med kronhjort skoten i Holedalen.
Kurt Erik Sundgot med kronhjort skoten i Holedalen.
Dag Andre Hauge har tidlegare fått gullmedalje for dette staseksemplaret som hadde slaktevekt nær 150 kg.
Dag Andre Hauge har tidlegare fått gullmedalje for dette staseksemplaret som hadde slaktevekt nær 150 kg.
Gevirdomar var Øyvind Tjervåg, Ulsteinvik t.v., og hjelpar Børre Bentsen, Herøy.
Gevirdomar var Øyvind Tjervåg, Ulsteinvik t.v., og hjelpar Børre Bentsen, Herøy.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380