Ukategorisert

Årsmøte i Hellesylt songlag

Hellesylt songlag under julekonserten i Sunnylven kyrkje.
Hellesylt songlag under julekonserten i Sunnylven kyrkje.

Hellesylt songlag blir også i år eit prosjektkor med øvingar fram mot spesielle konsertar og samkomer. Og det blir julekonsert som før, det lovar dirigent for koret Kristin Storstein.

Fredrik Stadheim – 18.03.2010 08:52:51

Ruth Hole Aaland vart vald til leiar i styret på årsmøtet i Hellesylt songlag nyleg.
Dei andre i styret:
Inghild Storstein, nestleiar.
Elisabeth Runde, sekretær.
Anne Grete Frøysa, kasserar.
Kristin Storstein, dirigent.

-Aktiviteten framover blir som den har vore dei siste åra. Vi kjem ikkje til å ha faste øvingar, men samlar oss som prosjektkor ved spesielle høve. Gode songarar har vi mange av og saman med ungdomskoret Joyful blir vi gode.
Kanskje kjem vi til å satse på øvingar i lag med lokale musikarar slik vi hadde for nokre år tilbake, for det var vellukka. Dei seier dirigent for koret, Kristin Storstein som i alle høve lovar julekonsert i Sunnylven kyrkje også i år.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380