Lokalnytt

Årssamling i Sunnylven og Stranda produsentlaget

Styremedlem Torill Nina Midtkandal t.h. overrekte utmerkingar for god mjølk til Nils Inge Frøysa og Torunn Hauge. Dei andre plakettvinnarane var ikkje til stades.
Styremedlem Torill Nina Midtkandal t.h. overrekte utmerkingar for god mjølk til Nils Inge Frøysa og Torunn Hauge. Dei andre plakettvinnarane var ikkje til stades.

Mjølkeprodusentar i Sunnylven og Stranda Produsentlag leverer gode råvarer til TINE BA og fekk påskjønningar under årssamlinga på Hellesylt. Oddvar Tynes held fram som leiar i produsentlaget.

Fredrik Stadheim – 16.03.2010 21:54:21

Årssamlinga var lagt til dagtid grunna kveld og nattstenging av Ljøvegen. No vart vegen stengt også på dagtid grunna rasfåre, noko som førte til at ingen frå Stranda møtte. Om lag femten mjølkeprodusenter frå Sunnylven var til stades.

Val.
Oddvar Tynes, Hellesylt har vore leiar i produsentlaget og tok mot attval. Dei andre i styret vart Per Kristian Gjerde og Tor Lie, (ny) begge Stranda.
1. vara: Barbro Lade, Hellesylt. 2. Jørn Stadheim, Hellesylt.

Forslag på Årsmøteutsending til TINE, BA frå valsona: Oddvar Tynes, Hellesylt.
1. vara: Knut N. Hjelme, Valldal. 2. Hans Jakob Hatlestad, Sykkylven.

Valkomite i produsentlaget:
Leiar, Ingrid Opsvik, Rolf Arne Ljøen, Endre Frøysa. Vara: Knut Sundgot, Ola Ødegård.

Godt driftsår
Frå styret i TMV møtte Torill Nina Midtkandal, Stryn. Ho orienterte frå årsresultatet i TINE BA som var svært godt i 2009. Selskapet hadde ein omsetningsauke frå året før på 1.2 milliardar kroner, til 18.9 totalt.
-Etter eit litt svakare resultat i 2008 er det veldig kjekt å presentere årets resultat, sa Toril Midtkandal. Selskapet hadde auke i salet av kvitost og kremostar, medan brunostsalet gjekk tilbake.
Tine Meieriet Vest har i dag sju anlegg. Voss kan bli lagt ned når nye Jæren-anlegget står ferdig i 2011, og tomt er kjøpt for nybygg i Bergen.

Utmerkingar
Fire mjølkeprodusentar vart på produsentmøtet tildelt utmerkingar for levering av god mjølk i mange år. Å få ei påskjønning for å ha gjort ein god jobb var viktig, sa Torill Nina Midtkandal som stod for utdelinga av plakettar og blomar.
10-års plakett ku vart tildelt Olveig og Nils Inge Frøysa, Hellesylt.
5-års plakett gjekk til Torunn og Lars K. Hauge, Hellesylt, Svein Rusten, Hellesylt og Merete og Odd Inge Emdal, Stranda.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380