Lokalnytt

Klart for cruisekai

Hellesylt.
Hellesylt.

Nyleg vart stålrøyr til djupvasskaia på Hellesylt tinga. Byggearbeidet vil starte etter sommarferien, for fleire turistbåtane har alt tinga plass ved cruisekaia på Hellesylt til neste sesong.

Fredrik Stadheim – 25.03.2010 22:00:41

I alt 3000 meter stålrøyr til bruk ved bygging av cruisekaia på Hellesylt vart bestilt. Det er venta prisoppgang på stål så difor vart røyr kjøpte inn no, både til kai på Hellesylt og på Stranda. Det fortel Øystein Ljøen, næringslivsvald styremedlem frå Hellesylt i Stranda Hamnevesen KF.

Kaia på Hellesylt skal byggast på pelar, stålrøyr som skal bankast ned i grunnen. Det er store dimensjonar over røyra som skal bere kaia. Røyra er 1.2 meter i diameter og skal fyllast med betong, og dei lengste skal 70 meter ned i sjøgrunnen.

-Det blir vel nærmast ein mekanisk verkstad i området på Øyrane under bygginga, for her skal det foregå sveising, mykje banking og støyping. All denne støyen gjorde at Hamnevesenet meinte det var best å vente med byggestart til like etter turistsesongen, seier Øystein Ljøen.
Kjell Nordang A/S har fått byggeoppdraget og berekna byggetid er sju månader. Prisen for djupvasskaia på Hellesylt er ca. 30 mill. kroner. Byggeleiar blir Byggledelse, Ålesund.

Øystein Ljøen er oppteken av at Hellesylt skal ha noko å by cruiseturistane når dei går i land på kaia i 2011. Næringslivet må starte å planlegge for aktivitetar alt no, det er ikkje nok med berre vakker natur, ein må også by på andre ting, seier han.
Ljøen er nyvald styremedlem i Hellesylt Næringslag. Han vil sjå om Næringslaget kan skape tilbod, og elles utfordrar han alle med gode idear til å bidra kreativt for dei reisande.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380