Lokalnytt

På andre plass i korpskonkurranse

Nokre av musikarane i Sunnylven og Stranda skulekorps under Nordvestmeisterskapen. Nærast solistprisvinnar Andreas Havnen Hansen. (Foto: Kjell Hansen)
Nokre av musikarane i Sunnylven og Stranda skulekorps under Nordvestmeisterskapen. Nærast solistprisvinnar Andreas Havnen Hansen. (Foto: Kjell Hansen)

Sunnylven skulekorps og Stranda skulekorps hadde samarbeida om sitt musikalske innslag til Nordvestmeisterskapen. I operahuset på Nordfjordeid bles dei seg til ein flott andre plass i klassa Generasjonskorps.

Fredrik Stadheim – 07.03.2010 19:52:38

Ikkje uventa var det Sykkylven skulekorps som gjekk til topps i klassa. Musikarane frå Sunnylven og Stranda var berre tre poeng bak.
I konkurransen om beste solistinnslag gjekk samarbeidskorpset til dirigent Trond Otto Berg heilt til topps med melodien ”Buster Strikes Back” og med Andreas Havnen Hanssen som solist på kornett.

Rektor i musikkskulen, Trond Otto Berg hadde sett saman musikkinnslaget som vart framført og som vart prisbelønna til sølvplass.
Berg var stolt og svært godt nøgd, det var nesten i overkant av det han trudde dei unge musikarane kunne makte. Men det viser seg at det nyttar å jobbe, sa han etterpå og fortel om lang øvingshelg i januar og faste øvingar kvar veke deretter. Siste veka vart det i tillegg eit par ekstra samlingar.
At det vart andre plass var flott, men viktigaste målet var prosessen som gav resultatet. Han håpar det kan bli fleire slike samarbeidsprosjekt også i framtida, musikarane i dei to korpsa går godt i lag og utfyller kvarandre på ein flott måte. Samarbeidet har vore berikande, seier Trond Otto Berg.

I klassa Ensemble klasse C var det også lokalt innslag. Storfjord Brass Ensemble som består av kulturskuleelevar, fire frå Stranda og tre frå Norddal og i tillegg fire vaksne musikarar vann klassa med 88 poeng.
Totalt deltok det over 400 musikantar på Nordvestmeisterskapen for skulekorps på Nordfjordeid.

Resultat Generasjonskorps.
1. Sykkylven skulekorps 91 p.
2. Sunnylven og Stranda skulekorps, 88 p.
3. Eidsdal Musikkorps 86 p.
4. Flatraket skulekorps 85 p.
5. Hornindal Musikkorps 84.5 p.
6. Hjelle skulemusikk 84 p.

-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380