Tivoli kjem til Sommardagane

Thomas tivoli er tilbake under Sommardagar på Hellesylt 9. – 11. juli. I fjor var det mange som sakna ”Den rosa karavanen” og alle dei morosame aktivitetane tivoliet kan by fram på grusbana.

Til årets Sommardagar er Thomas tivoli tilbake og riggar opp på grusbana tidleg i veka før folkefesten brakar laust.

Til konserten i Sunnylven kyrkje som er fyrste post på programmet fredag kveld har arrangøren fleire kjende artistar ”på blokka”. Det er venta ei avgjer i løpet av kort tid kven publikum får høyre under kyrkjekonserten i år.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380