Besøkte ny trimpost
Mange hadde leita fram fjellskoa igjen då friidrett/trimgruppa i Sunnylven IL inviterte til treff på Nausane, ein ny poengpost i lia sør for Hellesylt sentrum. Den fyrste som fekk namnet sitt i trimboka var Hege Ringdal.
Fredrik Stadheim – 25.04.2010 15:45:46
Frå gamalt av vart området Nausane brukt som sommarsæter av gardsbruka på Korsbrekke, og så seint som i 1940-åra vart det gått hit for å mjølke dyra.
No har lauvskogen vakse fram i god grasjord, men trimgruppa lovar kamp. I fjor vart det rydda ein del, og med løyve frå grunneigarane skal ryddinga halde fram til meir av Hellesylt sentrum og fjorden kjem til syne.
Den nye trimposten på Nausane 240 meter o.h. vart høgtideleg opna søndag. For nokre år tilbake leita Rune Hole fram råsa til Nausane og starta merkinga. I påsyn av 44 trimmarar fekk han søndag æra av å klippe over snora og erklære trimposten opna.
Hege Ringdal hadde 11-års gebursdag søndag og var mellom dei fyrste opp til posten. Ho skreiv namnet sitt i boka som fyrste besøkjande.
At Nausane kan bli ein trimpost for alle aldersgrupper, viste besøket søndag. Eldste mann var 77 år, den yngste ni månader.