Lokalnytt

Friska opp køyrereglar

På Hellesylt sette 12 pensjonistar seg på skulebenken og friska opp kunnskapar om bilkøyring, reglar og skilt. Kurshaldar var sjåførlærar Oddvar Tryggestad, Ålesund, med slektsrøter frå Hellesylt.

På Hellesylt sette 12 pensjonistar seg på skulebenken og friska opp kunnskapar om bilkøyring, reglar og skilt. Kurshaldar var sjåførlærar Oddvar Tryggestad, Ålesund, med slektsrøter frå Hellesylt.


Fredrik Stadheim – 24.04.2010 14:28:02

Det var Sunnylven Pensjonistlag som tok opp og fekk i stand kurset med oppfrisking av køyrereglar og skilt.
-Vi meinte at mange kunne ha nytte av ei oppfrisking av bilbruk og køyrereglar. Det er alvorleg mykje som har endra seg sidan vi eldre køyrde opp til sertifikat. Fleire bilar køyrer på vegane, det har kome nye skilt, og spesielt er dette med rundkøyringar nytt, seier leiar Knut J. Tryggestad.

Pensjonistleiaren avtala med Tryggestad Trafikkskole om å halde kurs på Hellesylt.
Det var på to økter, kvar på tre timar. Alle betalte ei lita kursavgift, men den tykte alle dei hadde fått mykje positivt tilbake for. Eit svært nyttig kurs, var den samstemte konklusjon. Like godt som at det er krav om legeattest ved fylte 70 år, skulle også slike kurs vore obligatorisk, meinte mange.

Sjåførlærar Oddvar Tryggestad har halde fleire slike kurs.
-Å kunne reglar og skilt er sjølvsagt nødvendig. Alle må likevel kjenne si eiga begrensning og bruke den tid kvar og ein treng for å køyre sikkert og rett-, meinte han.
Frå Sunnylven Pensjonistlag fekk han overrakt blomar for vel utført jobb som kurshaldar.

Sjåførlærar Oddvar Tryggestad t.v. fekk overrakt blomar frå Sunnylven Pensjonistlag ved leiar Knut J. Tryggestad.
Sjåførlærar Oddvar Tryggestad t.v. fekk overrakt blomar frå Sunnylven Pensjonistlag ved leiar Knut J. Tryggestad.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380