Gjer klar for turistsesongen

Cruiseskip og ferje ved Hellesylt. (Arkivfoto)

Cruiseskip og ferje ved Hellesylt. (Arkivfoto)

Laurdag 1. mai er MF Bolsøy tilbake i turistruta på fjorden mellom Hellesylt og Geiranger. Vel ei veke seinare kjem fyrste cruiseskipet. Om vegen over Geirangerfjellet er open til då, vil ikkje Kåre Hjelle love.

Fredrik Stadheim – 15.04.2010 11:18:41

Frå 1. mai til 12. oktober går MF Bolsøy i turistrute på fjorden mellom Hellesylt og Geiranger.
Frå 1. juni til 31. august er også MF Veøy på plass i den same ruta.
Opplegget for dei to turistferjene er det same som tidlegare år. Ferjetakstane for 2010 har auka i snitt ca. 10 % frå 2009.

Aida Aura fyrste cruiseskip
Cruisesesongen startar for fullt 9. mai. Då kjem Aida Aura til Hellesylt og Geiranger med vel 1200 passasjerar om bord.
Til Geiranger er det meldt 157 anløp og til Hellesylt 95 i løpet av sesongen. Det er ein nedgang frå i fjor, utan at det uroar hamnesjef Rita Berstad Maraak så mykje.
Det varierar frå år til år. Om antall cruiseanløp går ned blir passasjertalet like høgt som i fjor, seier ho.

Fresar seg fram.
I desse dagar pågår brøyting av Geirangervegen. Det er Kåre Hjelle og Dagfinn Grønningsæter som fresar seg opp brattene og svingane på den populære turistvegen.
I område rundt Kvandalen har dei rydda seg gjennom tre, fire snøras og no er dei komne til Blåfjellet.
Det er litt mindre snø enn vanleg i år, seier Kåre Hjelle. Også ved Djupvatnet og mot Stavbrekka ser det greit ut. Opningsdato vil han ikkje kome med.
Eg har brent meg på det tidlegare. Eit år var vegen opna, men så kom ei ny snøri som det tok ei veke å brøyte gjennom.
9. mai er tidlegaste opning av Geirangervegen som Hjelle kan huske.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380