Lokalnytt

Maiken Hauge mottok 4H- plaketten

Maiken Hauge, Fjellrosa 4H t.v. og Ragnhild Bjerkeseth, Bjerkely 4H går begge på Vestborg vg. skule på Stranda og begge fekk 4H-plaketten. (Foto: Privat)
Maiken Hauge, Fjellrosa 4H t.v. og Ragnhild Bjerkeseth, Bjerkely 4H går begge på Vestborg vg. skule på Stranda og begge fekk 4H-plaketten. (Foto: Privat)

Heilt frå 10-års alder som aspirant har Maiken Hauge vore medlem i Fjellrosa 4H i Sunnylven. På haustfesten i fjor stilte ho ut for siste gong og var kvalifisert til den høgaste utmerkinga, 4H-plaketten.


Fredrik Stadheim – 06.04.2010 20:05:51

Det har vore kjekt å vere med i 4H, treffe andre ungdommar, ha programkveldar, diskutere og løyse oppgåver, og ikkje minst har det vore lærerikt, seier Maiken.
I 4H vel medlemane oppgåver sjølve som dei jobbar med gjennom året. På haustfesten blir arbeida bedømt ut frå eit arbeidshefte og ei utstilling.

Maiken Hauge har hatt sine fleste oppgåver kring baking og handarbeid. Den aller siste som ho gjorde ferdig i fjor var ”Fritt val – Ungdomsbedrift.”

Av 31 plakettvinnarar i Møre og Romsdal møtte 16 i sine finaste stasklede til markeringa i Malmefjorden på Nordmøre der utdeling av plakettar og vitnemål fann stad. Maiken Hauge var den einaste frå Fjellrosa 4H som fekk den høge utmerkinga i år. 4H-klubben er den einaste i Stranda kommune.

16 plakettvinnarar møtte på festen i Malmefjorden 6. mars. (Foto: Privat)
16 plakettvinnarar møtte på festen i Malmefjorden 6. mars. (Foto: Privat)
Maiken Hauge under haustfesten i fjor med siste utstillinga si.
Maiken Hauge under haustfesten i fjor med siste utstillinga si.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380