Lokalsport

Fleire KM-medaljer i skiskyting

Medaljesankarar frå Sunnylven IL under KM på Ullsheim. Frå v. Anne Grete Kjellstadli Langleite, Helge Kvam Karbø, Trygve Aaland Tryggestad. Framme Inger Ringdal Sæter.
Medaljesankarar frå Sunnylven IL under KM på Ullsheim. Frå v. Anne Grete Kjellstadli Langleite, Helge Kvam Karbø, Trygve Aaland Tryggestad. Framme Inger Ringdal Sæter.

I helga vart KM i skiskyting arrangert på Ullsheim i Markane. Deltakarane kom frå Sogn og Fjordane og Sunnmøre. Frå Sunnylven IL deltok 21 løparar.

Konkurransen gjekk over to dagar med fellesstart laurdag og sprint søndag. Litt vind gjorde skytetilhøva vanskeleg.
Krinsmeistrar vart kåra i klassene frå 13 år og oppover.

Helge Kvam Karbø tok sprintgullet og KM- tittel i G 16, og i tillegg sølv på fellesstart.
Anne Grete Kjellstadli Langleite fekk sølv i J 14 begge dagar, og Inga Nybø Vik tok bronse i J 15 fellesstart.
Trygve Aaland Tryggestad gjekk inn til bronse i G 16 sprint.

I tillegg til medaljevinnarane vart det mange andre gode plasseringar for deltakarane frå Sunnylven IL, mellom anna klassesigrar til Andrine Støverstein og Inger Ringdal Sæter i to av dei aller yngste klassene.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380