Rydda snø i skianlegget

Nokre i snøryddegjengen, frå venstre Mariann Sundgot Frøysa, Ann Kristin Wollsæter, Leif Egil Åsen og Wenche Høgalmen Ringdal.

Nokre i snøryddegjengen, frå venstre Mariann Sundgot Frøysa, Ann Kristin Wollsæter, Leif Egil Åsen og Wenche Høgalmen Ringdal.

Store snømengder i skianlegget til Sunnylven IL i Hyttehola førte til ekstra dugnadsinnsats denne veka. Då vart alle tak på bygningar rydda for snø.

I løypeområdet i Hyttehola er der godt over meteren med snø, så tur- og langrennsløparar skal vere sikra nok snø for gode forhold heile vinteren, trur Gisle Aaland i skigruppa.
Også på dei flate taka på bygningane i anlegget var snødjupna kring ein meter. For å unngå at det oppstod skade, vart det kalla inn til dugnad og taka vart rydda. Måndag kveld fjerna dei 15 i dugnadsflokken kring 600 kubikk meter snø.

Flotte løyper, snart Sunnylvscup
Løypene i Hyttehola har denne vinteren vore svært bra, og mannskapet som utfører jobben med preparering gjer ein flott jobb. Forholda for skigåing har vore topp, vert det sagt.

Snart er det klart for fyrste renn i Sunnylvscup på ski. Dei fleste renn vil gå på onsdagar. Dato og tid blir lagt ut på aktivitetskalendaren når det er klart.

Store snøfonner vart rydda ned frå hustaka i Hyttehola.

Store snøfonner vart rydda ned frå hustaka i Hyttehola.

Masse snø og flotte løyper i skianlegget til Sunnylven IL.

Masse snø og flotte løyper i skianlegget til Sunnylven IL.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380