Lokalsport

Snørydding på Stadion

Det er lite grønt å sjå på Hellesylt stadion. Etter dugnaden laurdag vil mykje av snøen vere fjerna.
Det er lite grønt å sjå på Hellesylt stadion. Etter dugnaden laurdag vil mykje av snøen vere fjerna.

Fotballgruppa i Sunnylven IL har tillyst dugnad laurdag for å rydde fotballbana på Hellesylt stadion for snø. Leiar Steinar Hjelle håper at minst halve bana kan bli grøn og at mange stiller på.

Det er rikeleg med snø, kanskje så mykje som 40 cm. på den nye kunstgrasbana på Hellesylt stadion. No har fotballgruppa bestemt seg for å rydde vekk snøen, så då trengst det ein talrik dugnadsgjeng med snøbrett.

Alle som har eit snøbrett og har høve er velkomne, seier Steinar Hjelle. Det skal brukast snøfresar lengst ut mot sidelinja, men deretter blir det snøbrett og handemakt. Traktor med lastar skal frakte vekk snøhaugane.
Det er meldt mildare ver og regn på laurdag og søndag.

Sunnylven sitt herrelag i fotball har starta opp treningane for sesongen. Til no har treningane foregått i gymmsalen på skulen.
Steinar Hjelle trenar laget som har ein spelarstall på kring 20.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380