Lokalnytt

Førebur ny laksesesong i Korsbrekkeelva

Vatn, is og snø fyller Korsbrekkeelva 1. februar. Om fire månader er laksen og fiskarane tilbake.
Vatn, is og snø fyller Korsbrekkeelva 1. februar. Om fire månader er laksen og fiskarane tilbake.

Utbetring av gamle laksetrapper og opparbeiding av biotopar for lakseyngel er tiltak som skal gjennomførast før fiskesesongen startar i Korsbrekkeelva, seier leiar i grunneigarlag Ragnar Kaland. Som i fjor blir fiskesesongen i elva frå 1. juni til ut august.

Ragnar Kaland er mellom mange som gler seg til ein ny fiskesesong i den gode lakseelva. I fjor vart det landa 2.2 tonn laks og sjøaure som var 160 kilo meir enn året før.
Det vart ikkje fiska mange store laksar i Korsbrekkeelva i fjor, berre to på rundt 14.5 kilo. Men det var mykje fisk frå 3.0 til 5.0 kilo, og i tillegg ein god del aure. Eit høgt antall fisk i sesongen 2010 samanlikna med 2009.

Fiskesesongen kom ikkje retteleg i gong før i midten av juli, heile juni var fisket heller dårleg, fortel Kaland. Men statistisk var ikkje det unormalt, seier han, og elva hadde fiskestart 1. juni, tidlegare enn dei fleste lakseelvane.

Utan sjukdomar
Også i år har Korsbrekkeelva og Stordalselva som dei to einaste fiskestart frå 1. juni og ut august.
I fjor vart det teke prøver av både vatn og yngel i elva. Alle prøver var negative når det galdt sjukdom.

God kultivering
Ragnar Kaland rosar kultiveringsarbeidet som blir gjort i elva. Men oteren øydelegg mykje, han drep mykje fisk, seier han.
Også i år blir det klekt ut rundt 100 000 yngel i klekkeriet i Husøyna. Klekkinga er nokre veker seinare enn normal fortel Arne Korsbrekke som meinar at det ikkje betyr noko. Han har oppsyn med yngelproduksjonen og seier at kaldt vatn i vinter er årsaka til forsenkinga.

No blir all stamfisk teken opp etter fiskesesongen er slutt. Dette har Ragnar Kaland gjort seg tankar kring. Han spør seg om fisken ville kome tidlegare i elva om ein tok opp stamfisk gjennom heile sommaren. Det vil han diskutere på neste grunneigarmøte.

250 000 kroner frå Tafjord Kraftselskap
Før sesongen startar opp står ein del arbeid for tur i Korbrekkeelva. Det skal byggjast fleire biotopar for lakseyngelen, eit arbeid som Tafjord Kraftselskap har støtta med 250 000 kroner.
I Kjølåsfallet må dei gamle laksetrappene reparerast, for no går der opp laks berre under spesiell vassføring, seier leiaren i elveeigarlaget, Ragnar Kaland.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380