Lokalnytt

I rute med cruisekaia

Trønder-firmaet Fundamentering a/s utfører arbeidet med røyrpeling. Onsdag vart dykkar nytta for å påvise avløpsleidningar i sjøgrunnen.
Trønder-firmaet Fundamentering a/s utfører arbeidet med røyrpeling. Onsdag vart dykkar nytta for å påvise avløpsleidningar i sjøgrunnen.

Peling av røyr for fundament til djupvasskaia på Hellesylt går etter planen. Arbeidet er omlag halvgjort og Kjell Nordang i entreprenørselskapet K Nordang a/s trur sjølve kaia er klar til august.

Peling av røyr pågår for fullt. Men det er mykje arbeid, mange røyr og rundt 4000 meter som skal bankast ned som fundament for sjølve kaia. I tillegg skal det lagast ein dykkdalb, eit ekstra forankringspunkt som også vil ta litt tid å få på plass, seier Kjell Nordang.

Han fortel at storparten av dekket til kaia er ferdig produsert ved entreprenøren sitt anlegg i Svemarka på Stranda. Når alle pelerøyr er på plass, blir avstand målt ut og dragarar støypte. Då startar arbeidet med å armere og støype røyra og byggje kaia utover frå land, seier Nordang.

Så langt har det ikkje oppstått spesielle vanskar, og Kjell Nordang trur sjølve kaia skal stå ferdig til august.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380