Lokalnytt

Posten flyttar til Coop Marked

Spar, Hellesylt har hatt Post i butikk i vel ti år, men 12. april tek Coop Marked over.
Spar, Hellesylt har hatt Post i butikk i vel ti år, men 12. april tek Coop Marked over.

Frå 12. april tek Coop Marked på Hellesylt over Post i butikk. Då skal alt vere flytta ”over gata” frå Spar.

For ti år sidan kom Post i butikk på Hellesylt, og servicetenestene vart lagt til den eina av dei to kolonialbutikkane, Spar Ringdal & Co.
Like før jul kom melding pr. e-post om at tenesta skulle lysast ut på anbod. Coop Møre BA som Coop Marked Hellesylt er del av, hadde det lavaste tilbodet.
-Spar sitt tilbod var ikkje godt nok, og det hjalp heller ikkje at vi for tre år sidan vart kåra til best i PIB (Post i butikk), seier Jorunn og Svein Sporstøl ved Spar Ringdal & Co.

Dei fortel at det har minka på med posttenester dei siste åra, ingen tek ut pengar og det har blitt ferre pakkar. Og berre fem postboksar er i bruk ved butikken.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380