Ryddar plass for Posten
Frå 12. april tek Coop Marked over posttenestene på Hellesylt. Fram til då skal personell kursast og det blir gjort nokre justeringar av inventar i butikken.
Måndag 11. april flyttar Posten på Hellesylt, frå Spar Ringdal & Co til Coop Marked.
-I utgangspunktet er ingen tenester tilgjengeleg denne dagen, men om noko hastar let det seg nok ordne, seier distriktssjef for Post i butikk, Siri Andreassen.
Saman med distrikssjef Olav Maridal i Coop Orkla Møre BA var dei på Hellesylt denne veka og planla den nye Post-butikken.
-Alt ser greit ut med plass i lokala til Coop Marked. Litt flytting på kassadisken er stort sett det heile som skal til, seier Maridal.
I tida fram mot Post-opning skal dei tilsette ved butikken skulerast, ei opplæring som kan takast som brevkurs. Alle må kunne betjene kundane med dei tenester Posten har å tilby, som til dømes innskot og uttak av pengar, til formidling av brev, pakkar og anna post.
-Det var Coop som hadde det lavaste tilbodet etter anbodsrunden, difor flytter vi. Ellers blir alt som før når det gjeld Posttenester på Hellesylt, lovar Siri Andreassen.