Lokalnytt

Planlegg eksklusivt hyttefelt

Frå Åsen er utsynet til Hellesylt sentrum både storfelt og dramatisk
Frå Åsen er utsynet til Hellesylt sentrum både storfelt og dramatisk

Saman med grunneigarar planlegg Hellesylt Vekst eit hyttefelt i Åsen. Heile området får inntil 35 tomtar og kan vere byggeklart hausten 2012.

-Vi er i ein tidleg fase så vi ynskjer gode innspel for å gjere planen så god som råd-, sa dagleg leiar i Hellesylt Vekst, Inge Hole då han ønska vel møtt til kring 30 på folkemøtet måndag.
Det er AG Plan og Arkitektur A/S, Ørsta som har jobba fram skissa for reguleringsplan i Åsen.

Ei perle.
Gjennom bilete og illustrasjonar viste Kåre Gjengedal frå planfirmaet kor langt prosessen var komen og korleis hytteområdet var tenkt.
-Åsen er ei perle på Hellesylt, og i området er der natur det må takast vare på. Det er også strenge krav til kvar og korleis ein kan bygge i dag, så difor er det viktig å få innspel frå mange slik at det vert ein god plan-, sa Kåre Gjengedal.

Byggeklart hausten 2012
Framdrifta med reguleringsplanen var no på skissestadiet fram til juni. I august blir planen lagt ut til offentleg ettersyn.
Til slutt skal planen med konsekvensanalyse for rundt 35 tomter vedtakast av Stranda kommunestyre, truleg i oktober i år.
Held tidsskjemaet kan anleggsarbeidet starte våren 2012 og området kan vere byggeklart hausten same år.

Tekniske anlegg
Den kommunale vegen til Åsen må utbetrast, spesielt krysset ved fylkesveg 80 er dårleg og burde gjerast noko med uansett, sa Gjengedal.
Ein fire meter brei veg med møteplassar var tenkt som tilkomst inn i feltet.
Vatn og kloakk blir samla og ført til Korsbrekke for å bli kopla til det kommunale nettet. Der må det brukast isolerte røyr då vanleg grøft frå Åsen til Korsbrekke er vanskeleg å anlegge, sa
Gjengedal som tykte hyttefeltet i Åsen var eit flott område med eit verdfullt terreng naturmessig. Der var steinmurar og turstiar som måtte takast vare på, og det måtte vere krav til utforming av hyttene, korleis dei vart plassert i terrenget, og fargeval.

Hotelltomt
Det var få innspel til planen frå dei frammøtte på orienteringsmøtet. Berre eitt området, det nordlege vart kommentert. Ivar Frøysadal meinte dette burde takast vekk som hytteområde no. Det var det beste og mest attraktive området og var godt eigna også for andre formål, til dømes tomt for eit hotell.
-Det ser ut å vere vanskeleg å få bygt hotell nær fjøresteinane-, sa Frøysadal og minte om at ein reguleringsplan bind opp areal fleire ti-år framover.

Synspunktet vart ikkje teke opp til vidare avgjerd på møtet, men blir nok saman med andre innspel vurdert i det vidare arbeid med reguleringsplan for hyttefelt i Åsen.

-

 

Vegkrysset ved Åsebrua og fylkesveg 80 bør utbetrast uansett, meinte Kåre Gjengedal frå AG Plan og Arkitektur A/S.
Vegkrysset ved Åsebrua og fylkesveg 80 bør utbetrast uansett, meinte Kåre Gjengedal frå AG Plan og Arkitektur A/S.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380