LokalnyttLokalsport

Skigruppa håper på tilskot

Sunnylven Idrottslag har preparert turløyper i Langøyli mot Kjellstaddalen. Eit tilbod som har blitt svært populært.
Sunnylven Idrottslag har preparert turløyper i Langøyli mot Kjellstaddalen. Eit tilbod som har blitt svært populært.

Sunnylven Idrottslag tek kostnaden, og friviljuge mannskap står for oppkøyring av tur- og langrennsløyper i Sunnylven. For å halde fram med godt preparerte løyper håper laget på økonomisk støtte frå mange.

Det er idrottslaget som preparerer alle tur- og langrennsløypene i Sunnylven. Og forlenging av løypene frå Hyttehola til hyttefeltet i Langøyli mot Kjellstaddalen har blitt svært godt motteke.
-Snøen legg seg ikkje som skispor, skriv idrottslaget på ein bankgiro som er lagt ut i bank og på butikkar på Hellesylt, og som dei håper mange vil nytte seg av.

-Vi tek mot små og store bidrag. For mest mogleg drift og vedlikehald av løypene, er vi avhengig av friviljuge bidrag. Utan okonomisk tilskot hadde det ikkje vore mogleg å oppretthalde det flotte tilbodet til lokalbefolkning, hyttefolk og andre tilreisande,- skriv idrottslaget mellom anna.

Mannskapet som køyrer løypemaskinene gjer ein viktig og framifrå god jobb. I skianlegget i Hyttehola blir det køyrt ved behov fleire dagar i veka, og turløypene i Langøyli mot Kjellstaddalen skal vere preparert til kvar helg så lenge snøforholda tillet det.
Også mot Terdalen vil det bli preparerte løyper, får vi opplyser.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380