Lokalnytt

Dansar Zumba på Hellesylt

Alle aldersgrupper dansar Zumba på Hellesylt denne helga
Alle aldersgrupper dansar Zumba på Hellesylt denne helga

Denne helga blir det dansa Latin-amerikanske rytmer på Hellesylt. Zumba-kurset til trimgruppa i Sunnylven IL samla 25 deltakarar.

Zumba heiter den ny, populære dansen som får opp pulsen hos deltakarane i samfunnshuset på Hellesylt denne helga. Storsalen var fylt opp av damer, dei fleste frå Hellesylt, men også nokre frå bygdene kring.

Instruktør på kurset laurdag og søndag er Anna Lina Hareide frå Eidsdal. Sjukepleieeleven er utdanna Zumba-instruktør og jobbar i ledig fritid på Puls i Ålesund og på treningssenter i Spjelkavik.

Kurset på Hellesylt varer fem timar kvar dag. Der får armar, bein og musklar i heile kroppen sin ”brutale” trim. Til musikk som Anna Lina Hareide har sett saman sjølv blir det både grasiøse bevegelsar og spretne dansetrinn.

-Rumpe og armar same veg, skyte hofte-, ropar instruktøren frå scena og damene i alder frå 15 til 53 år lystrar.
-Dette var artig-, fekk vi høyre og jaggu var dei spreke.

-

 

På Zumba-kurs, frå høgre Kristin Storstein, instruktør Anna Lina Hareide, Randi Sæter, Marianne Fivelstad.
På Zumba-kurs, frå høgre Kristin Storstein, instruktør Anna Lina Hareide, Randi Sæter, Marianne Fivelstad.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380