Lokalnytt

Ein strålande skuletime

Alle elevane kom på scena og prisa heimbygda si i ord og tonar då programmet i grunnskuleveka vart avslutta.
Alle elevane kom på scena og prisa heimbygda si i ord og tonar då programmet i grunnskuleveka vart avslutta.

Grunnskuleveka ved Sunnylven skule vart avslutta med program av elevane frå scena i Sunnylven samfunnshus. Temaet var ei reise gjennom dei siste 100 år i bygda. Det vart ei fantastisk oppleving i ord, song og musikk som fekk ståande applaus frå ein fullsett sal etterpå.


-På Hellesylt er det godt å vere, vi er så kry av bygda vår. Å vekse opp her er no mest ei ære, her er det trykt å traske barneår-.
Slik song dei godt 80 elevar då dei avslutta sitt vel timelange program dei hadde sett saman og øvd inn i løpet av grunnskuleveka. Kulturskulen i Stranda og Sunnylven skule hadde spleisa seg saman og laga det beste programmet skulen har vist nokon gong.

Reisa gjennom dei siste 100 år i bygda baud på både forteljingar, mykje song, dans og musikk.
Attersynet skulle ikkje vere noko djupdykk, men eit tilbakeblikk på viktige hendingar i Sunnylven, sa kulturskulerektor Trond Otto Berg som hadde lagt ned mykje arbeid både med opplegg og framføring av det heile. Dei mange gode tekstane var laga og fletta saman i fellesskap mellom lærarar og elevar.

Hellesylt Ungdomslag feirar 100 års-jubileum i 2011. Programmet starta med eit lite tablå frå skipingsmøtet av det frilynte ungdomslaget. Deretter gjekk det slag i slag, med bygging av badehus, krigsutbrot i 1940, om gardane og busetjing på fjordgardane, opning av Ljøvegen, opning av ny skule og seinare påbygg, og ikkje minst opning av Hellesylt stadion i 1985. Fotball fekk ein naturleg god plass i programmet då dei aller fleste elevane ved skulen spelar på eitt eller anna fotballag.

Også Sunnylven skulekorps kom på scena og viste prov på at andreplassen i korpskonserten på Ørskog var fortjent, og publikum fekk sjå danseinnslag av dei beste dansarane på Sunnmøre. Godt hjelpt av dyktige musikarar fekk publikum også høyre mykje song, trauste viser som ”Dei gamle fjell i syning om” til Abba og Grand Prix-låtar som ” Fairytale”. Her dukka det opp både rocke-artistar, engasjerte forsangarar til fotballåtar, og andre med talent for ei framtid med mikrofon på scene.
Musikarar i skulebandet var Gunnar Inge Eide, tangentinstrument, Synnøve Hjellbakk Hole, fele, Erik Torset, gitar, Bjarne Sjåstad, bass og elev Andreas Nybø Støverstein, slagverk.

-Vi er stolte av det elevane har vist-, sa rektor i leiarteamet ved Sunnylven skule, Roar Seljeset då han takka alle ved programslutt.
Godt jobba! seier vi. Sunnylven har blitt kalla dugnadsbygda, kanskje blir det også kulturbygda.

Espen Ringdal var engasjert forsongar med kor i fotballsong.
Espen Ringdal var engasjert forsongar med kor i fotballsong.
Ingrid Julie Hole t.v. Inger Ringdal Sæter og Veronica Stadheim Jansen i samtale på ein fjordgard.
Ingrid Julie Hole t.v. Inger Ringdal Sæter og Veronica Stadheim Jansen i samtale på ein fjordgard.
Sunnylven skulekorps er ein av dei fremste kulturberarane i bygda.
Sunnylven skulekorps er ein av dei fremste kulturberarane i bygda.
Anne Grete Kjellstadli Langleite t.v. og Nanna Frøysa Hellebostad skapte Melodi Grand Prix-stemning.
Anne Grete Kjellstadli Langleite t.v. og Nanna Frøysa Hellebostad skapte Melodi Grand Prix-stemning.
Hellesylt Ungdomslag har dei beste dansarane på Sunnmøre. Under programmet viste dei prov på det.
Hellesylt Ungdomslag har dei beste dansarane på Sunnmøre. Under programmet viste dei prov på det.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380