”Har du hørt det” i Sunnylven kyrkje
Sidan tidleg på 90-talet har Alf Georg Østebrøt sin påskemusikal ”Har du hørt det” blitt framført i Sunnylven kyrkje på palmesøndag. Også i år fekk ei fullsett kyrkje høyre dei to kora, Ariel og Joyful framføre syngespelet.
Musikalen har masse flott musikk og fortel ei sterk historie, mellom anna om svik og fornektelse frå Jesus sine nære vener, om den siste tida før han blir korsfest, gravlagt og seinare står opp frå grava påskedag morgon.
-Dere er mine venner, jeg gir av meg selv- heiter det i ein innleiande song.
Snart blir alt endra, frå glede til hat og folket ropar; korsfest han, slipp Barabass fri!!
Sterk, men flott
Jesus døyr på Golgata, men nokre dagar seinare kjem bodskapen om at han har stått opp av grava.
Sjølv om musikalen har eit litt triste innhald, vart det likevel ei gla`stund i kyrkja med eit bodskap som enda så bra.
Å høyre barnekoret Ariel og ungdomskoret Joyful framføre påskemusikalen vart ei ny, flott oppleving. Kora tel rundt tretti songarar med fleire i solistroller.
Ei sterk, men likevel flott forteljing som vart formidla på ein strålande måte, sa sokneprest Svein Runde takka dei to kora og leiarane som fekk lang og velfortent applaus frå dei mange i Sunnylven kyrkje palmesøndag.