Lokalnytt

Sunnylvsbygda grendalag pussar opp

Ivrige dugnadsdamer, frå v. Marit Hellebostad, Wenche Solli, Barbro Lade og Erna Hellebostad. (Foto: Gisle Aaland)
Ivrige dugnadsdamer, frå v. Marit Hellebostad, Wenche Solli, Barbro Lade og Erna Hellebostad. (Foto: Gisle Aaland)

Den store møtesalen i Sunnylvsbygda grendahus blir pussa opp. Taket i salen blir senka og veggar og gardin får nye, friske fargar.


Dugnadsgjengen har alt lagt ned fleire timars arbeid i grendahuset på Hauge med både hammar og målarkost.
Taket i storsalen får lyddempande plater og senka ein halv meter. Veggane blir friska opp med ljose fargar, og det blir nye gardin i alle glas.

Når jobben er gjord, blir det vel markering med fest, og testing om nokon rekk med hæla i taket då….

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380