Lokalnytt

Ein gild kyrkjelydsfest

Sokneprest Svein Runde leia kyrkjlydsfesten. Her i samtale med biskop Ingeborg Midttømme.
Sokneprest Svein Runde leia kyrkjlydsfesten. Her i samtale med biskop Ingeborg Midttømme.

I samband med bispevisitas i Sunnylven og Geiranger inviterte Sunnylven sokneråd til kyrkjelydsfest på Hellesylt onsdag kveld. Rundt 80 personar møtte fram til ein minnerik kveld med mykje vakker song og gode ord frå fleire.

Sokneprest Svein Runde leia festen og presenterte biskop Ingeborg Midttømme og hennar følgje som bestod av Per Inge Haugen og Christfrid Kaul frå biskopens kontor i Molde, og prost i indre Romsdal prosti, Lars Slettebø.
-Å bli biskop er ikkje noko ein søkjer, men som ein blir kalla til-.
Ingeborg Midttømme som fyller 50 til hausten, huskar godt telefonen ho fekk ein sein kveld i mai 2008 om at ho dagen etter skulle bli utnemnd til biskop i Møre. Det var ei stor hending i livet som eg kjem til å huske, sa ho.

I samtalen med Svein Runde kom biskopen inn på nye ordningar for gudstenestene.
Sokneråda får ei større og viktigare rolle i åra som kjem med å bestemme korleis vi skal feire gudstenester.
Det er ikkje nødvendig å endre noko, men det blir lov å bestemme korleis ein vil ha det. Ta gjerne i bruk den gamle kyrkjebøna igjen, det blir opp til kyrkjelyden sjølve å avgjere, sa Ingeborg Midttømme.

Det var både allsong under kyrkjelydsfesten, og av Elisabeth Runde, Kristin Storstein og Oddbjørg Stadheim. Jentene som soknepresten kalla dei, er kjende for vakre framføringar, mellom anna songar av Lina Sandell. Fleire salmar, også av den svenske salmediktaren stod på repertoaret onsdag. Songinnslaga stadfesta at dei tre har songkvalitetar av dei sjeldne.

Sunnylven sokneråd som hadde ansvar for kyrkjelydsfesten, serverte eit velsmakande kveldsbord, bugnade av brødmat og mange sortar pålegg og salatar.
Ein gild kyrkjelydsfest, tykte dei frammøtte.

Under festen på Sunnylven kyrkjelydshus framførte Kiristin Storstein til høgre, Elisabeth Runde og Oddbjørg Stadheim fleire songar som fekk velfortjent applaus.
Under festen på Sunnylven kyrkjelydshus framførte Kiristin Storstein til høgre, Elisabeth Runde og Oddbjørg Stadheim fleire songar som fekk velfortjent applaus.
-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380