Lokalnytt

Temakveld om helse og levekår

Rundt 50 personar fylte opp i Sunnylven kyrjelydshus på temakveld nyleg. Der hadde Bygdetunets Venner og Sunnylven sanitetslag spleisa seg saman og hyra inn kommunelege Hans Chr. Paulsen som foredragshaldar.

”Helseforhold og kosthald for 100 år sidan” var emnet kommunelegen snakka om.
Han Chr. Paulsen innleia eit interessant foredrag med at han kom til Stranda som lege i 1973 så helsetilstanden mellom folket for 100 år sidan hadde han ikkje opplevd sjølv.
Mykje av det ein kjenner til om emnet frå den tida fann ein i skrifteleg materiale i gamle doktorbustaden på Stranda då den vart riven.
Legen der hadde notert ned mange opplysningar. Det vart fortalt om ulike sjukdomar, plager som folk fann seg i, det var slik det skulle vere.

Hardt arbeid og dårleg reinhald mellom folk forverra tilstandar som revmatisme og betendelsar, mange hadde lopper, lus og mest alle hadde skabb.

Smittepresset var stort, for mange budde i same hus, ofte dårlege og trekkfulle, og både sengetøy og vanlege klede vart sjeldan vaska og skifta.
-Vi arbeider oss sveitte, så skifter vi skjorte og det får vere vask godt nok-, var ein av kommentarane frå den tida kommunelege Hans Chr. Paulsen tok fram om folk si oppfatning av reinsemd.
Paulsen var også innom ein del alvorlege sjukdomar den tida, til dømes skarlagensfeber og difteri som ofte enda med døden.

Heller ikkje kosthaldet var det beste. Det var stort sett same maten som kom på bordet kvar dag, ofte av tvilsam kvalitet då det ikkje var enket å lagre mat over lenger tid.
-I dag er det motsatt, då fører velstanden i kosthaldet vårt ofte til hjarte -og karrsjukdomar. Det får bli tema ein annan gong-, avslutta kommunelege Hans Chr. Paulsen foredraget sitt med.

Til slutt på temakvelden serverte Sunnylven sanitetslag kveldbord med kaffi, brød, salatar og fleire sortar pålegg, og det var utlodning og trekning av mange verdfulle gevinstar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380