Lokalnytt

Triveleg fest med Aldersheimens Venner

Elise Rørhuus-Øie t.v. og Jorunn Trøen stod for trekking a gevinstane.
Elise Rørhuus-Øie t.v. og Jorunn Trøen stod for trekking av gevinstane.

Aldersheimens Venner i Sunnylven vart skipa i mars 1989. I alle år frå då har dei skipar til fest med utlodning for pensjonærane ved Sunnylven omsorgssenter

Laurdag skipa venneforeninga til festleg samkome med utlodning og litt underhaldning. Det var fullt på daglegstova, for saman med mange nære slektningar var dei fleste av bebuarane på institusjonen til stades.

Foreninga Aldersheimens Venner har etter kvart blitt få medlemer, men mange nok til at det vart ei triveleg samkome nok ein gong. Mange gode kaker vart sett fram saman med anna kaffimat, det var musikkinnslag frå Helge Kvam Karbø på fele og Lars Kvam Karbø på piano, og det var loddsal og trekking av eit stort antall gevinstar. Dei aller fleste gevinstane var laga av pensjonistane sjølve.

-To dagar kvar veke er ein del av bebuarane med og jobbar på arbeidsstova. Då blir det strikka, hekla og snikert. Til basaren har det blitt laga kring 30 gevinstar som vart utlodda og der inntekta går til materialkjøp og til gevinstar når vi arrangerer bingo, fortalde aktivitør Jorunn Trøen.
Til stades under festen var også rådmann Ann Kristin Langeland. Etter to vers av ”No livnar det i lundar” tok ho i si helsing utgangspunkt i våren og det denne årstida har med seg. Ho håpa alt det vakre som naturen viser fram var til glede også for pensjonærane.

Frå arrangøren av den trivelege festen, Aldersheimens Venner overrakte Anne Gausdal blomar til rådmann Ann Kristin Langeland og til styrar ved Sunnylven omsorgssenter Julianne Søvik.

Anne Gausdal t.v. overrekte blomar til rådmann Ann Kristin Langeland og styrar Julianne Søvik.
Anne Gausdal t.v. overrekte blomar til rådmann Ann Kristin Langeland og styrar Julianne Søvik.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380