Lokalnytt

Fekk pengegåve til stupetårn

Leiar Marianne Fivelstad i Hellesylt Ungdomslag fekk overrakt ein gåvesjekk på 165.000,- kroner frå banksjef i DNB Nord, Roar Juliebø. (Foto: Randi Sæter)
Leiar Marianne Fivelstad i Hellesylt Ungdomslag fekk overrakt ein gåvesjekk på 165.000,- kroner frå banksjef i DNB Nord, Roar Juliebø. (Foto: Randi Sæter)

På vegne av laget kunne HUL-leiar Marianne Fivelstad ta mot ein sjekk på heile 165.000,- kroner frå Sparebankstiftelsen nyleg. Pengane skal gå til finansiering av nytt stupetårn ved badehuset på Hellesylt.


Overrekkinga fann stad under nattjazz i Ålesund. I alt fire søkjarar fekk tildelt midlar frå Sparebankstiftelsen denne gongen. Gåva til Hellesylt Ungdomslag var den nest største banksjef i DNB Nord, Roar Juliebø delte ut. Prioriterte formål var ”Ut i naturen” og kulturminner.
Bidraget til HUL går til bygging av nytt stupetårn ved badehuset på Hellesylt.

-Vi er kjempeglade og fornøgde med tildelinga og beløpet er eit kjærkome bidrag, seier Marianne Fivelstad. Ho har ikkje oversikt over kostnaden med stupetårnet, det spørst kva krav fylkeskonservatoren stiller, om det skal pælast i grunnen i staden for støyping, og om det skal nyttast malmfuru i staden for limtre.

HUL ventar på svar på søknaden til fylkeskonservatoren med forslag til byggemåte og materialval.
Marianne Fivelstad håper laget kan kome i gong med arbeidet i løpet av august/september.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380