Ros til mange under stadionopning
På Hellesylt stadion vart det delt ut ros til mange på laurdag. Både gjennom planlegging og ombygginga av stadion frå grasbane til kunstgras har mange vore involvert og lagt ned ufatteleg mange timar arbeid.
Knut Dag Langeland i Sunnylven IL var ein av mange eldsjeler som stod sentralt i arbeidet både i motvind og medvind for å få kunstgras på stadion. Laurdag summerte han opp der han ville snakke om det positive.
Han var svært takksam over for Stranda kommune som gjekk inn i prosjektet med betydelege middlar. Utan dei, inga kunstgrasbane, sa Langeland.
Den gamle grasbana har blitt til hyttetak både i Nordfjord og på Sunnmøre, og mykje jord har
Nya opp plenar og blomsterbed på Hellesylt.
Den tidlegare leiaren i SIL takka entreprenørane som hadde gjort jobben med bana, Sparebanken Møre, sponsorar, lokale masinentreprenørar, og enkeltpersonar og bygdefolk som har stått på og bidrege med dugnad for kring ein halv million kroner.
Norges Fotballforbund var representert ved styremedlem Arne Aambakk.
-Det er ein verdig og tradisjonsrik idrettsklubb som opnar eit flott anlegg i dag. Idretten er med på å skape god helse og er viktig. At klubben har ti lag i seriespel i fotball er heilt fantastisk av eit bygdelag med vel 600 innbyggarar.
Eg gjev også honnør til Stranda kommune for at dei ser verdien i å satse på idretten-, sa Aambakk mellom anna og tok fram at kommunen har forskottert spelemiddlar på anlegget då det offentlege hadde eit alt for langt etterslep slik det var i dag.
Aambakk såg for seg at kunstgrasbana på Hellesylt med undervarmeanlegg kunne vere eit regionanlegg for fotballen.
Frå fotballforbundet overrekte han eit nett fotballar som gåve til idrettslaget.
Frå Sunnmøre fotballkrets møtte Jon Otto Follesø. Også han rosa anlegget og ikke minst Stranda kommune, kåra til fotballkommunen i 2008. På nytt har Stranda vist at dei tek ansvar for oppveksande generasjonar med å støtte bygging av flotte anlegg, sa Follesø som tykte det var stort å få vere med på opning av ei ny, flott fotballbane.