Triveleg 4H-leir på Djupgjølet
Anette Frøysa er medlem i Fjellrosa 4H. Ho har valgt ”Vi lager leir” som arbeidsoppgåve dette året. Nyleg inviterte ho som del av oppgåva dei andre 4H-medlemane til klubbleir på Frøysasetra på Djupgjølet.
Fjellrosa 4H har i år 15 medlemer. Ni av dei var samla på klubbleir med to overnattingar i telt på Djupgjølet. Dei andre var hindra å delta grunna andre aktivitetar. Med som vaksne leiarar var Mariann Frøysa og Per Amund Frøysa.
Vi besøkte leiren på Frøysasetra andre dagen på søndag kveld. Då var det god varme i bålpanna der karbonade eg grillpølser fekk den rette temperatur og farge. Og maten gjekk unna etter ein hektisk dag. For nokre hadde dagen gått med til bading i elva lenger framme i Botnen, andre hadde teke tur til Vatnedalen og prøvt fiskelukka. Framleis låg det is på Vatnedalsvatnet så fisket vart heller dårleg.
Som del av arbeidsoppgåva si hadde Anette Frøysa laga dagsplan for opphaldet på klubbleiren. På ein stor plakat var både meny og ei lang rad aktivitetar med. Mykje frå opphaldet var teke opp på film og skal visast under programmet på haustfesten i Fjellrosa 4H, fekk vi fortalt.
Siste kvelden skulle det bli dukketeater med figurar som jentene hadde laga, og dagen etter stod natursti på programmet som avslutning på leiropphaldet.
Med på 4H-leiren på Djupgjølet var Terese Hauge, Anette Frøysa, Irene Trøen Frøysa, Nanna Frøysa Hellebostad, Julie Skjortnes Røyrhus, Stian Frøysa, Ottar Frøysa Hellebostad, Ole Iver Kjellstad og Katrin Grov Øksvang.
Mange hadde valgt fotografering som oppgåve, andre hadde baking eller friluftsliv.
Mariann Frøysa håper fleire blir med i Fjellrosa 4H etter kvart. Sjølv om det krev tid også av foreldra, er det mange ting i ein 4H-klubb det er kjekt å gjere i lag med ungane sine, seier ho.