Lokalnytt

Kvelvingsbru blir restaurert

I neste veke er brua ferdig og forskalinga kan rivast, seier frå høgre Karl Johan Bjørgvik, Kjell Rotmo, Åsmund Kalgard og Svein Kåre Haugan.
I neste veke er brua ferdig og forskalinga kan rivast, seier frå høgre Karl Johan Bjørgvik, Kjell Rotmo, Åsmund Kalgard og Svein Kåre Haugan.

På oppdrag frå Vegvesenet er fire fagarbeidarane i ferd med å gjenreise steinbrua ved Geilskredvatnet i Norangsdalen. Eit over hundre år gamalt kulturminne blir teke vare på.

Steinbrua ved Geilskredvatnet på gamlevegen gjennom Norangsdalen vart fyrst råka av ein stor stein som ramla ned frå fjellsida ved Fivelstadnibba.
Ein vinter seinare kom eit snøras frå andre sida. Der fylgde også store steinar med og då vart steinbrua, eit over hundre år gamalt kulturminne øydelagt.
No blir kulturminnet gjenreist og teke vare på. Røynde karar i muring av steinbruer er godt i gang med oppdraget frå Vegvesenet.

Mange oppdrag
Veteran i arbeidsgjengen på fire er Karl Johan Bjørgvik. 78-åringen handterer spettet og svingar slegga som ein ungdom i sine beste år. Gode år og god helse har Bjørgvik alltid hatt, fortel han.
– Du veit, når ein får halde på med noko ein likar, då held ein seg frisk.
Far til Bjørgvik var vegvaktar, så oppveksten vart mykje kring veganlegg, og etter kvart vart han vegarbeidar sjølv.
På 1970-talet starta han med restaurering av gamle steinbruer og det har blitt jobben lagt opp i pensjoniståra. Saman med tre andre staute karar frå Verdal i Nord-Trøndelag har dei farta rundt i heile midt-Norge, men også andre deler av landet for å reparere dei gamle bruene i gråstein. Kor mange har dei ikkje tal på.
No blir kvelvingsbrua ved Geilskredvatnet gjenreist slik ho var før naturkreftene øydela den.

Snart ferdig
Restane av den gamle vart plukka heilt vekk og bygginga starta andre veka i august. Bortsett frå litt problem med forskaling eit par dagar då bekken vaks opp grunna mykje regn, har arbeidet gått som planlagt, fortel Kjell Rotmo. Om ei lita veke står steinbrua ved Geilskredvatnet ferdig og forskalinga kan rivast. Kanskje skal det opp nokre stabbesteinar også.
-Riving av forskaling brukar å vere spanande for enkelte, men ikkje for oss. Her er mykje god naturstein å mure av og litt har vi fått supplert. Vi veit at ho kjem til å stå. Det er viktig å ha trua på det ein gjer, at ein gjer det rett, slår dei fire brubyggjarane fast.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380