Lokalnytt

Ljøkaia blir utbetra

Ljøkaia har fått store skader på toppdekket og treng utbetring.
Ljøkaia har fått store skader på toppdekket og treng utbetring.

Ljøkaia som mellom anna er del av den gamle samferdselsåra Den Trondhjemske Postveg, er sterkt skada. Utbetringar må til om kaia skal bestå.

Sjø og bølger har fare ille med toppdekket på Ljøkaia. Betongen er broten opp og stadvis borte. Også stein i frammuren har rause ut.

Under ei synfaring etter nedre del av Den Trondhjemske Postveg på Ljøen hausten 2008 der personar både frå fylke og lokalt var med, vart det også sett på kaia. Seinare vart det stadfesta av dykkar at det i frammuren er rausa ut stein, skader som gjer at kaia kan rase saman.

No har folk frå Stiftinga Geirangerfjord Verdsarv saman med grunneigar og Hellesylt Næringslag sett på kaia på nytt og planlegg kva som skal gjerast.
Katrin Blomvik i Verdsarvstiftinga fortel at det blir utarbeidd ein søknad om middlar til reparasjon av kaia og til istandsetjing av naustet der som er eigd av Rolf Arne Ljøen. Peter Brennvik i Verdsarvstiftinga jobbar med ei skisse og ein søknad om støtte som blir sendt til riksantikvaren før november i år.

-Frå vår side vil søknaden ha fyrste prioritet. Vi skal i alle fall gjere vårt for å lage ein god søknad, seier Katrin Blomvik som håper ein kan kome i gong med utbetringar av kai og naust til neste år.

Frå Ljøkaia er det flott utsyn ut Storfjorden mot Oaldsbygda.
Frå Ljøkaia er det flott utsyn ut Storfjorden mot Oaldsbygda.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380