Lokalnytt

Ei fin stemnegudsteneste

Samtalen mellom prost Svein Runde og Astrid Ringdal frå HUL fekk forsamlinga til å lytte.
Samtalen mellom prost Svein Runde og Astrid Ringdal frå HUL fekk forsamlinga til å lytte.

-Stemnegudstenesta i Sunnylven kyrkje der born deltok med tekstlesing, framføring av bøner og lystenning er den flottaste eg har vore med på. Takk også til presten og Astrid for deira samtale som preike-.


Denne rosen kom frå leiar i Sunnmøre Frilynde Ungdomssamskipnad, Janne Kvamme.
Og det vart ei litt anna gudsteneste også for prost Svein Runde. I 26 år var han sokneprest i Sunnylven og til vanleg kjente han alle ansikta i kyrkjebenkane, men denne søndagen var det mest ukjente, sa han. Han var glad for å sjå dei i den stor vakre kyrkja som for to år sidan feira 150 år.
Også sjølve preika var ikkje som vanleg, det vart ein samtale mellom Runde og Astrid Ringdal frå arrangørlaget av barnestemnet.
Dei utveksla opplevingar frå barndomen, og kom inn på dagsaktuelle hendingar, som til dømes det grufulle på Utøya.

Stemnegudstenesta opna med høge tonar frå lurblåsarar, før unge Lars Kvam Karbø trakterte kyrkjeorgelet til salmesongen. Seinare fekk han fram applausen i kyrkjebenkane etter ragtimemusikk på piano, og stor fingerferdigheiter på kyrkjeorgelet i postludium.

Stemnegudstenesta opna med prosesjon, Annette Frøysa går fremst.
Stemnegudstenesta opna med prosesjon, Annette Frøysa går fremst.
Lars Kvam Karbø trakterte både kyrkjeorgel og piano under gudstenesta og hausta stor applaus.
Lars Kvam Karbø trakterte både kyrkjeorgel og piano under gudstenesta og hausta stor applaus.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380