Kaifiskarar på Hellesylt
Det blei kasta ivrig med slukstonga frå kaikanten på Hellesylt ein dag denne veka. Elevar frå Sunnylven skule jakta på storfisken, men det tok si tid…
Dei stod tett langs bryggekanten i flytevestar og med fisketroene sine, elevane frå småskulen. Som ein lekk i ei naturfagoppgåve skulle det vere fiske i fjorden denne dagen, fortalde lærar ved Sunnylven skule, Inger Marie Bakke.
Ved kai låg også turistferja Bolsøy der mange bussreisande følgde med på fiskeriet.
Lite fisk kom på land, sjølv om enkelte elevar meinte at det hadde nappa kraftig. Det såg ut til å vere ”svart hav” denne dagen, berre litt tang og tare-rusk var med dei blanke slukane opp på kaia.
Men så, fiskestonga til Kristine benda seg og rista, der var fisk på. Opp av sjøen kom ein liten, sprell levande fisk, ikkje av det største slaget rett nok, men omlag 15 – 20 cm. lang. Men fisk var det, noko også turistane på Bolsøy såg og som vekte både jubel og applaus.
Nettstaden sin utsente drog vidare, men gjekk glipp av storfisket etterpå. Då vart det landa både mange og store fiskar og der Olai fekk den aller største, fekk vi oss fortalt.
Så då var ikkje fjorden tom for fisk likevel!