LokalnyttLokalsport

Møter Adecco-ligalaget Hødd

-

Onsdag 7. september kjem Hødd med sitt Adecco-ligalag til Hellesylt for å førebu seg til TV-kamp mot Ranheim søndagen etter. På Hellesylt stadion spelar Hødd treningskamp mot Sunnylven sitt A-lag.

Det bør bli folksamt på Hellesylt stadion når Hødd kjem på besøk onsdag, eit lag som spelar serie på nest øverste nivå i Norge. Sjølv om det har butta litt i mot poengmessig i det siste, har laget frå Ulsteinvik hatt ein fin sesong i Adecco-ligaen.
Få vil nok levne Sunnylven store sjansar i treningskampen. Men laget viste stor framgang i siste seriekamp, så litt motstand vil nok dei blå og kvite få, trur vi.

Hødd gjennomfører ei trening på ca ein times tid frå ca. klokka 16.30, før treningskampen mot A-laga til Sunnylven som startar kl. 17.30.
Treningskampen skal vere på 2×30 min, der Hødd stiller toppa lag i 1.omgang før dei bytter ein del i 2.omgang.

Etter kampen kan leiarar og spelarar vere med på ei treningssamling for lag i yngres avdeling i Sunnylven.
Styret i Sunnylven Fotball oppmodar trenarar og oppmenn å vere med for å få gode tips og høyre korleis Hødd driv si yngres avdeling.
Alle spelarar bør ha på seg spelardrakt eller/og overtrekksdrakt.
Dei tre yngste laga må møte seinast kl.17.15, desse spelarane skal vere med på innmarsjen til kampen Sunnylven-Hødd.
Dei fire eldste laga i yngres avdeling møter seinast kl.18.30 – treningsstart er kl.19.00 og då skal laga vere ferdig oppvarma.

Viktig!!
Sunnylven Fotball skal ta lagbilder av alle sine lag, så det er viktig at alle spelarar møter og aller helst alle i støtteapparatet rundt laga også.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380