Lokalnytt

Sauene skal heim

I september 2002 kom Jan Ove Tryggestad t.v. og Per Kjell Leite heim fyrste gong med sau frå sommarbeite i Oaldsbygda. Etter då har det blitt årvisst. (Arkivbilete)
I september 2002 kom Jan Ove Tryggestad t.v. og Per Kjell Leite heim fyrste gong med sau frå sommarbeite i Oaldsbygda. Etter då har det blitt årvisst. (Arkivbilete)

I helga er sauebønder på Tryggestad i Oaldsbygda på sauesanking. Etter som det er tiande året med beiteslepp i fjordbygda, blir jubileet feira aldri så lite, veit vi.

Torsdag drog dei fyrste sauesankarane til Oaldsbygda og tidleg dagen etter reiste fire mann til, mellom dei saueeigarane Per Kjell Leite og Jan Ove Tryggestad.

Kring 380 dyr skal sankast heim, fortel Jan Ove Tryggestad. Alle reknar dei ikkje med å finne denne helga, og nokre er nok borte for godt, trur han. Dei går på kontoen ”hamneleige”.

Tryggestad reknar med at båtlasten med sauer kjem til kai på Hellesylt kring 16 – 17 på søndag og frakta vidare heim med bil.

Toppkandidaten for Sp i Stranda vedgår at han i grunn ikkje hadde tid til sanking denne helga, men måtte likevel prioritere det ”jordiske”.
Optimismen var i alle høve god i båten ut Sunnylvsfjorden fredag morgon.
-Eg kjem heim og går frå sauesanking til stemmesanking-, skjemta Jan Ove Tryggestad.

Frå ferja Vestveg vart sauene frakta heim til Tryggestad med dyretransportbil. (Arkivbilete frå 2002)
Frå ferja Vestveg vart sauene frakta heim til Tryggestad med dyretransportbil. (Arkivbilete frå 2002)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380