Lokalnytt

Vellukka Sunnmørsstemne

Stemnetoget på veg gjennom gata på Hellesylt
Stemnetoget på veg gjennom gata på Hellesylt

100-års jubilanten Hellesylt Ungdomslag var arrangør av Sunnmørsstemne for born 2011. Det vart ei helg med mykje dans, også med oppvisning for publikum, men også mange andre opplevingar for deltakarane


Ei på alle måtar vellukka helg starta fredag kveld. Då kom 100 born og mange leiarar til Hellesylt til ”bli kjent kveld”, servering av pizza og diskotek. Sunnylven skule og samfunnshus var ”base” for overnatting og servering av alle måltid.

Laurdag stod frie aktivitetar på programmet der arrangøren baud på både mykje og variert. Det var instruksjon i Taek Won-do eller sjølvforsvarsteknikk ved Fernando Perez frå Argentina og Valldal, og i gymmsalen viste Ngare frå Hornindal øvingar i akrobatikk.
På musikkrommet var det song og musikk ved korleiarane Kristin Storstein og Oddbjørg Stadheim, og på miniatyrbana i klubbhuset på Hellesylt stadion var det miniatyrskyting.
I klatreløypa i Åsen prøvde fleire balansekunsten på installasjonane høgt i furutrea. Laurdag vart avslutta med grilling og diskotek.

Søndag starta med stemnegudsteneste i Sunnylven kyrkje, og deretter stemnetoget til sentrum, om Sunnylven omsorgsenter og tilbake til Sunnylven samfunnshus.

Ved stemneslutt overrekte leiar Janne Kvamme i Sunnmøre Frilynde Ungdomssamlag blomster til fleire i arrangørlaget og takk for eit flott stemne.
Til slutt dansa alle deltakarar Sunnmørsstemne for born ut for denne gong.
Neste år er Sykkylven arrangør.

Leiar i HUL, Marianne Fivelstad hadde ei travel helg og mobiltelefonen ringde ofte
Leiar i HUL, Marianne Fivelstad hadde ei travel helg og mobiltelefonen ringde ofte
Alle deltakarar frå HUL på stemnet
Alle deltakarar frå HUL på stemnet
Fleire stader vart det dansa, som her i gata framfor butikkane på Hellesylt.
Fleire stader vart det dansa, som her i gata framfor butikkane på Hellesylt.
Janne Kvamme frå SFU takka og overrekte blomar til frå høgre Marianne Fivelstad, Astrid Ringdal, Erna Hellebostad, Randi Sæter, Wenche Ringdal og Helge Tryggestad.
Janne Kvamme frå SFU takka og overrekte blomar til frå høgre Marianne Fivelstad, Astrid Ringdal, Erna Hellebostad, Randi Sæter, Wenche Ringdal og Helge Tryggestad.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380