Lokalnytt

Innsamling på søndag

Søndag 23. oktober er det innsamlingsdag i TV-aksjon 2011. Årets TV-aksjon er tildelt Norsk Folkehjelp og deira arbeid med å fjerne miner og klasebomber som ligg att etter krig og konfliktar.


Fleire millionar miner og restar etter klasebomber ligg att etter konflikter og lemlestar folk. Tidlegare toppkeeper Eirik Thorstvedt seier at det er to måtar å fjerne dei på, anten trakke på dei eller fjerne dei før nokon trakkar på dei.

I Sunnylven er det idrettslaget som organiserer innsamlinga. Steinar Hjelle i idrettslaget fortel at 20 – 25 personar frå fire undergrupper har fått tildelt sine roder og vil gå rundt frå dør til dør frå kl 13.30 på søndag.
Ordførar Jan Ove Tryggestad er innsamlingsaksjonen sin høge beskyttar i Stranda og også han tek del i innsamlinga.

Ta vel imot alle friviljuge bøssebererar som går rundt på innsamlingsdagen søndag, oppmodar Steinar Hjelle.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380