Lokalnytt

Stappfullt på sauehaudfest

Marit Hellebostad t.v. og Anne Grete Hjelmeland Hole var mellom fleire som sytte for at serveringsfata var fulle til ei kvar tid.
Marit Hellebostad t.v. og Anne Grete Hjelmeland Hole var mellom fleire som sytte for at serveringsfata var fulle til ei kvar tid.

Sunnylvsbygda gendalag inviterte til fest med salta og tørka sauehaud på menyen. Det enda med stappfullt grendahus og som vanleg god stemning.

Sauehaudfest på Sunnylvsbygda grendahus har blitt tradisjon om hausten kvart år. Frå rundt femti personar på dei fyrste arrangementa for tjuge år sidan har det auka til rekorddeltaking i år med kring nitti. Dei fleste påmelde hadde lokal tilknyting, men også mange tilreisande frå andre kanter av landet sette kvarandre stemne på smalahovefest. Storsalen i grendahuset på Hauge var fullsett.

Og mat var det rikeleg av. Tidlegare i haust hadde medlemer i grendalaget halde dugnad og flådd, salta og hengd til tørk 150 haud. Laurdag vart dei kokte i fem, seks timar og servert saman med potet, kålrotstappe, kokmør og flatbrød.

Mange undrar seg på at denne beinete greia som ligg på tallerkenen og ser, at det skal vere ei delikatesse. Faktum er at alle let vel, at maten fall i smak.
Det blir garantert ny sauehaudfest på same stad neste haust.

Fingermat, sa Oddvar Tynes som la frå seg kniv og gaffel under måltidet.
Fingermat, sa Oddvar Tynes som la frå seg kniv og gaffel under måltidet.
-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380