Fin 4 H-utstilling
Søndag var det haustfest i Fjellrosa 4H for 35 gong. I år har klubben i Sunnylven hatt 16 medlemer i alder frå 10 til 19 år og dei ønska seg fleire.
Anette Frøysa er koma midtvegs til 4H-plaketten, den høgaste utmerkinga innan organisasjonen. I år har ho jobba med oppgåva ”Vi lagar leir”.
På setra i Frøysadal sist sommar var heile klubben samla til friluftsliv i tre dagar og der fekk Anette praktisert si 4H oppgåve.
Søndag kunne ho legge fram arbeidshefte og bilete frå leirlivet på Djupgjelet. Alt fekk godkjent karakter og gullmerke under premieringa på festen.
Godkjente oppgåver vart det også på alle dei andre i Fjellrosa, den einaste 4 H-klubben i Stranda kommune.
Fylkesinstruktør May Britt Johnsen hadde saman med Ruth Hole Aaland gått gjennom arbeida. Også denne gongen var det variert og veldig mange bra prosjekt, tykte Johnsen. I utstillinga var det både baking, fotografering, friluftsliv, dyreoppgåver og motorsag.
Asbjørn Kvam Karbø leverte 4 H-oppgåve for siste gong, men var ikkje til stades grunna reise. I tillegg til aspirant har han levert sju godkjente oppgåver som senior. For det fekk han plakettnål og blir tildelt 4H-plaketten og vitnemål ved ei tilstelning i Molde neste vår.
Dei andre medlemane fekk sine merker utdelt på festen av May Britt Johnsen og banksjef Stig Tryggestad, Sparebanken Møre.
Håkon Elias Kjellstad leia haustfesten i Fjellrosa 4H der mange frammøtte fekk seg servert både kaker, kaffi og litt program.
Per Ingebrigt Karbø er klubbrådgjevar med Jorunn Trøen og Frank Øksvang som medhjelparar.
Det er sparebankane som betaler for arbeidshefter og merke som 4H deler ut.
Katrin Øksvang aspirantmerke
Ole Iver Kjellstad bronsemerke
Stian Frøysa bronsemerke
Ottar Frøysa Hellebostad bronsemerke
Johanne Tryggestad sølvmerke
Åsmund Nybø Vik sølvmerke
Anette Frøysa gullmerke
Irene Trøen Frøysa gullmerke
Lars Kvam Karbø gullmerke
Sigurd Kjellstad gullmerke
Inga Elise Nybø Vik fagskjold bronse
Nanna Frøysa Hellebostad fagskjold bronse
Håkon Elias Kjellstad fagskjold bronse
Helge Kvam Karbø fagskjold sølv
Liv Tone Tryggestad fagskjold gull